Stardalen barnehage

Med fokus på tryggleik og nærvær

Stardalen barnehage er ein liten, aktiv barnehage i Stardalen i Sunnfjord kommune.

Vi har ei avdeling, der borna er mellom 1 og 6 år. Det å vere ei aldersblanda avdeling ser vi på som ei stor glede, der store og små lærer mykje av kvarandre. Vi har god vaksentettleik og mange moglegheiter for varierte dagar. Det blir turar i skogen, jamnelege fjøsbesøk, sykkeltur langs vegen og stor vekt på fri leik både ute og inne. Det at borna får utfalde seg og kjenne på meistring er særs viktig for oss.